MoGardsferie1
Utleigehusa er det raude og det kvite huset midt i biletet.

Mo Gardsferie - Øystese i Hardanger

Mo Gardsferie ligg i Øystese og er eit heilårsopent overnattingstilbod. Norunn og Per Rykken leiger ut to feriehus på garden. Stort og romsleg gardshus(ikkje utleigd i 2022, men hybelleilegheit i kjellar vert leigd ut) og ei koseleg tømra stove. Husdyrproduksjonen er basert på storfe med mjølk som hovudproduksjon. Hagebruk med frukt og bær. Mo Gardsferie ligg i eit ope og grønt landskap med kort veg til Hardangerfjorden og utgangspunkt til fjell med fine toppturar. Det er ca. 10 minuttar gangavstand til Øystese ved Hardangerfjorden. Der fins det bl.a to butikksenter, tusenårstaden Kabuso, Hardangerbadet, Ingebrigt Vik museet og park med skulpturar av Øystein Laupsa. Nedanfor parken er det kvit badestrand og med den berømte James Turrell sin installasjon Skyspace.

Dagsturar frå Øystese kan vera til : Baroniet i Rosendal, Trolltunga, Bergen, Voss og Sognefjorden eller Hardangerfjorden rundt.

Norunn og Per Rykken- Sjusetevegen 145-5610 Øystese



Avstandar til Øystese:

Bergen: 85 km
Oslo: 406 km
Kristiansand: 406
MoGardsferie-kart